Totalt antall sidevisninger

tirsdag 23. april 2013

Ein fyrste gong for alt!

I dag har eg fått mitt aller første lesarinnlegg publisert i to aviser... Det må da vere lov å vere litt stolt? ;) Det stod i vår lokalavis VestNytt og BA - Bergensavisen. Veldig rart å sjå sine eigne ord på trykk gitt...!

No har eg altså tenkt å paste det inn her, så har eg det i bloggen min til skrekk og advarsel.


****


Skulestruktursaka har skapt stort engasjement i heile Fjell kommune, og det er ikkje utan grunn. Alle har eit forhold til sin skule, om der er 15 eller 150 elevar. Skulane er knutepunkta i smågrendene, møtestad for heile lokalmiljøa.

Framlegget fra skulestrukturgruppa vart handsama i komité for drift fyrste gong 22/01 og vedtaka vart:

1.       Framlegget vart lagt ut på høyring, høyringsfristen vart satt til 05/03

2.       Rådmannen vart anmoda om, i god tid før andre gongs handsaming, å utgreie dei økonomiske verknadene knytt til endringane i framlegget.

 
Framlegget gjekk ut på å legge ned Liljevatnet «midlertidig» frå hausten 2013 og i ein 7-årsperiode. 143 elevar skulle flyttast frå Liljevatnet til Brattholmen skule – og 39 av Brattholmen sine elevar flyttast til Foldnes Skule. I mellomtida, frå 22/01 til 05/03, vart det gjort endringar i framlegget og elevane frå Liljevatnet vert no fordelt mellom Hjelteryggen, Foldnes og Brattholmen. Endringa vart gjort utan at nokon vart informert.

Vidare vart det anmoda om ei økonomisk utgreiing frå rådmannen i god tid innan andre gongs handsaming. Så vidt vi kan skjøne er dette den økonomiske utgreiinga for Litlesotra:

·         Nedlegging av Liljevatnet Skule – samla innsparing fyrste år kr 3,9 mill deretter kr 9,5 mill per år forutsatt at kommunen kan redusere andre husleigekostnader med kr 3 mill per år.

·         Oppretting av nye klasser Hjelteryggen og Foldnes:  kostnad kr 4,6 mill

·         Overflytting 70 elevar til Brattholmen – kr 0.- !

 

Brattholmen Skule er ein nynorskskule, som tilbyr og oppretter bokmåls klassar etter behov.  Alle trinna på skulen har per i år to klasser, med unntak av eit klassetrinn. Slik det er no er bokmålsklassene større enn nynorskklassene. Liljevatnet er ein rein bokmålsskule. Eit raskt overslag over elevane på Brattholmen og dei som evt vert flytta over frå Liljevatnet, syner at det er kun to trinn med boksmålselevar som ikkje overstig delingstalet 28 elevar per klasse. I dei resterande 5 trinna er det frå 1 til 9 bokmålselevar som må gå i nynorskklasser, fordi det ikkje er plass til dei i bokmålsklasser.  (Desse tala gjeld for hausten 2013, no er framlegget om nedlegging av Liljevatnet endra til 2014 men tala vil vere omtrent like).

Korleis kan då rådmannen forsvare sitt reknestykke: 70 elevar frå ein bokmålsskule til ein nynorskskule – kr 0.-?

Det er ikkje gratis å ha klassar med delt målform!  Det er ulovleg å blande elevar med ulikt hovudmål i anna enn praktisk-estetiske fag (viser til sak i Sandnes 2005 samt opplæringslova §2-5). Det vil seie at all undervisning utanom praktisk-estetiske fag må foregå i eigne grupper, separert frå resten av klassa. Dette er ikkje drøfta i saksførelegget til Kommunestyret! Utdanningsdirektoratet seier sjølv om sitt formål med §2-5 punkt 4: «Retten til å få opplæring i egen målgruppe må ikke gå på bekostning av muligheten til å delta i skolens felles aktiviteter for elevene i den særskilte målgruppa. Det er også viktig at disse elevene ikke blir isolert faglig og sosialt fra de andre elevene. Dette er også forhold som må ligge til grunn ved vurderingen om når elevene kan blandes. Den særskilte målgruppa må beholde sin identitet samtidig som pedagogiske og sosiale hensyn ivaretas.»

Vi lurer på korleis Rådmannen har tenkt å gjennomføre dette på ein god måte for elevane, og gratis? Har Rådmannen tenkt på desse momenta:

·         Små grupper med bokmålselevar som skal separeres frå resten av klassa i store delar av undervisninga. Korleis skal ein klare å skape eit godt samhold i dei nye klassesamansetningane?

·         Desse små gruppene treng egne (og eigna) rom til si undervisning. Det betyr blant anna at Brattholmen Skule mister datarom og musikkrom, som igjen gjev borna eit dårlegare tilbod.

·         På kva grunnlag skal ein velge ut kven av bokmålselevane som skal gå i nynorskklassene – og kven som er så heldige å få gå i bokmålsklassene?

 

Vidare må elevane frå Liljevatnet skyssast med buss, for skulevegen deira blir Fylkesveg 209 - som er ein av dei farlegaste vegane på Litlesotra.

Vi saknar ei skikkeleg utgreiing for innsparing i forbindelse med nedlegging av Liljevatnet Skule. Vi saknar òg eit svar på korleis Rådmannen skal klare å få reknestykket på Brattholmen Skule til å gå i null. Vi har ei sterk kjensle av at informasjon vert halden tilbake – eller at saka ikkje er godt nok gjennomtenkt.

Vi håper at dei som skal fatte endeleg vedtak i skulestruktursaka i kommunestyret tenkjer seg godt om, og ikkje tek forhasta avgjersler i denne saka.

 

På vegne av FAU Brattholmen,

Inger Sekkingstad

mandag 22. april 2013

Jeg har ikke glemt deg!

Jeg har ikke vært hos deg på en stund. En lang stund, faktisk. Det har vært nokså travle dager de siste månedene, og jeg har ikke prioritert deg.

Det har vært så mange andre ting som har vært viktigere. Så mange andre tanker i hodet.

Men tro ikke at jeg har glemt deg! Du er jo min egen, min lille samling av tull, tøys og alvor. Inemor's samling av - blåøyde betraktninger.

Jeg har feiret jul og bursdag med deg. Jeg har gledet meg over nytt kjøkkenbord, irritert meg over ugress og regn. Jeg har prøvd å forklare hvordan angst oppleves, om pust fra fortiden.

Men jeg har aldri vært sur og gretten hos deg. Aldri skrevet negative ting. Ord som skrives forsvinner sjelden. Jeg vil jo at vi skal ha det fint sammen.

For gudene skal vite at jeg mange ganger har hatt lyst til å spy ut all verdens edder og galle. Rase, skrike og banne.
**
Jeg har ikke begynt å strikke eller hekle siden sist jeg var her i januar. Jeg digger fortsatt Diamonds men har også fått nye favoritter. Kan ikke bare henge fast i gamle vaner... Hjerteknuser er jo en deilig ehh hjerteknuser! Da må jeg jo nevne I could be the one i samme slengen.

Det var en liten oppdatering, når jeg ser godt etter har jeg visst ikke gjort en ting de siste månedene annet enn å utvide min musikalske horisont en skvett.

Kjære blogg, I'll be back

-Inemor-