I dag har eg fått mitt aller første lesarinnlegg publisert i to aviser... Det må da vere lov å vere litt stolt? ;) Det stod i vår lokalavis VestNytt og BA - Bergensavisen. Veldig rart å sjå sine eigne ord på trykk gitt...!
No har eg altså tenkt å paste det inn her, så har eg det i bloggen min til skrekk og advarsel.
****
Skulestruktursaka har skapt stort engasjement i heile
Fjell kommune, og det er ikkje utan grunn. Alle har eit forhold til sin skule,
om der er 15 eller 150 elevar. Skulane er knutepunkta i smågrendene, møtestad
for heile lokalmiljøa.
Framlegget fra skulestrukturgruppa vart handsama i komité
for drift fyrste gong 22/01 og vedtaka vart:
1. Framlegget
vart lagt ut på høyring, høyringsfristen vart satt til 05/03
2. Rådmannen
vart anmoda om, i god tid før andre gongs handsaming, å utgreie dei økonomiske
verknadene knytt til endringane i framlegget.
Framlegget gjekk ut på å legge ned Liljevatnet
«midlertidig» frå hausten 2013 og i ein 7-årsperiode. 143 elevar skulle
flyttast frå Liljevatnet til Brattholmen skule – og 39 av Brattholmen sine
elevar flyttast til Foldnes Skule. I mellomtida, frå 22/01 til 05/03, vart det
gjort endringar i framlegget og elevane frå Liljevatnet vert no fordelt mellom
Hjelteryggen, Foldnes og Brattholmen. Endringa vart gjort utan at nokon vart
informert.
Vidare vart det anmoda om ei økonomisk utgreiing frå
rådmannen i god tid innan andre gongs handsaming. Så vidt vi kan skjøne er
dette den økonomiske utgreiinga for Litlesotra:
·
Nedlegging av Liljevatnet Skule – samla
innsparing fyrste år kr 3,9 mill deretter kr 9,5 mill per år forutsatt at
kommunen kan redusere andre husleigekostnader med kr 3 mill per år.
·
Oppretting av nye klasser Hjelteryggen og
Foldnes: kostnad kr 4,6 mill
·
Overflytting 70 elevar til Brattholmen – kr 0.-
!
Brattholmen Skule er ein nynorskskule, som tilbyr og
oppretter bokmåls klassar etter behov. Alle
trinna på skulen har per i år to klasser, med unntak av eit klassetrinn. Slik
det er no er bokmålsklassene større enn nynorskklassene. Liljevatnet er ein
rein bokmålsskule. Eit raskt overslag over elevane på Brattholmen og dei som evt
vert flytta over frå Liljevatnet, syner at det er kun to trinn med
boksmålselevar som ikkje overstig delingstalet 28 elevar per klasse. I dei
resterande 5 trinna er det frå 1 til 9 bokmålselevar som må gå i nynorskklasser,
fordi det ikkje er plass til dei i bokmålsklasser. (Desse tala gjeld for hausten 2013, no er
framlegget om nedlegging av Liljevatnet endra til 2014 men tala vil vere
omtrent like).
Korleis kan då rådmannen forsvare sitt reknestykke: 70
elevar frå ein bokmålsskule til ein nynorskskule – kr 0.-?
Det er ikkje gratis å ha klassar med delt målform! Det er ulovleg å blande elevar med ulikt
hovudmål i anna enn praktisk-estetiske fag (viser til sak i Sandnes 2005 samt
opplæringslova §2-5). Det vil seie at all undervisning utanom
praktisk-estetiske fag må foregå i eigne grupper, separert frå resten av
klassa. Dette er ikkje drøfta i saksførelegget til Kommunestyret!
Utdanningsdirektoratet seier sjølv om sitt formål med §2-5 punkt 4: «Retten til
å få opplæring i egen målgruppe må ikke gå på bekostning av muligheten til å
delta i skolens felles aktiviteter for elevene i den særskilte målgruppa. Det
er også viktig at disse elevene ikke blir isolert faglig og sosialt fra de
andre elevene. Dette er også forhold som må ligge til grunn ved vurderingen om
når elevene kan blandes. Den særskilte målgruppa må beholde sin identitet
samtidig som pedagogiske og sosiale hensyn ivaretas.»
Vi lurer på korleis Rådmannen har tenkt å gjennomføre
dette på ein god måte for elevane, og gratis? Har Rådmannen tenkt på desse momenta:
·
Små grupper med bokmålselevar som skal separeres
frå resten av klassa i store delar av undervisninga. Korleis skal ein klare å
skape eit godt samhold i dei nye klassesamansetningane?
·
Desse små gruppene treng egne (og eigna) rom til
si undervisning. Det betyr blant anna at Brattholmen Skule mister datarom og
musikkrom, som igjen gjev borna eit dårlegare tilbod.
·
På kva grunnlag skal ein velge ut kven av
bokmålselevane som skal gå i nynorskklassene – og kven som er så heldige å få
gå i bokmålsklassene?
Vidare må elevane frå Liljevatnet skyssast med buss, for
skulevegen deira blir Fylkesveg 209 - som er ein av dei farlegaste vegane på
Litlesotra.
Vi saknar ei skikkeleg utgreiing for innsparing i
forbindelse med nedlegging av Liljevatnet Skule. Vi saknar òg eit svar på
korleis Rådmannen skal klare å få reknestykket på Brattholmen Skule til å gå i
null. Vi har ei sterk kjensle av at informasjon vert halden tilbake – eller at
saka ikkje er godt nok gjennomtenkt.
Vi håper at dei som skal fatte endeleg vedtak i
skulestruktursaka i kommunestyret tenkjer seg godt om, og ikkje tek forhasta
avgjersler i denne saka.
På vegne av FAU Brattholmen,
Inger Sekkingstad