Totalt antall sidevisninger

tirsdag 11. oktober 2011

Eg tek meg ei cider

I dag tenkte eg at eg skulle prøve å blogge på nynorsk for å sjå om det er noko stas. Ikkje for noko anna enn å teste mine gamle kunnskapar. Eg slit med at iPad'en vil rette på alt eg skriv men eg må jo berre lese korrektur. Om att og om att.

Eg har lese nokre bloggar i dag, av ymse kvalitetar. Det er mykje rart der ute i bloggverda (eller blogg Edda som iPad vil skrive)og eg trur det er mange einsame menneskje i real life. Eg hadde eigentleg ikkje noko poeng bak dette, eg måtte berre seie det. /skrive/

Eg tek meg altså ei cider.

Det er haustferie i Inemorheimen, 3 av 4 bebuarar har ferie. Nr 4 (les: Inemor) lyt halde hjula i gong og jobbe for smør på brødet. Dei 3 hine (eg veit ikkje om det er lov å skrive "hine"? Viss du ikkje veit kva det betyr- google it!) har vore på VilVite og kosa seg. Eg syns det er flott å kome heim til ferdig middag! Eg trur eg ynskjer meg ein heimeverande husfar på heiltid! No har han berre 1 feriedag att, så i morgon er siste dag med ferdig middag. Då skal han lage klippfisk med gulrotstuing, eg gler meg!

Apropos middag - endeleg er vi i gang med vekelister for middag att! Eg anbefalar alle som endå ikkje har prøvd det å teste det ut asap! Det er både tid- og pengebesparande. Den lettære måten å kome i gang på er å sette seg ned og skrive ned kva ein likar å ete til middag. Så er det berre å fordele det ut over ei veke - hugs no endeleg at det må vere innslag av næringsrik mat.... ;) Så er det greit å ha nokre ledetrådar - laurdag skal vi ha noko som er 'kos' (heimelaga pizza, taco e.l.), søndag kan vi ha noko som tek litt lenger tid (fårikål, sosekjøt, steik e.l.), vi må ha minst ein middag i veka som heiter noko med FISK - då er nesten halvparten gjort allereie! Så treng vi 7 brød, mjølk, pålegg, egg - lurt å ha ei handleliste hengande på kjøleskåpet slik at ein kan skrive ned anna ein treng å handle. Får ein det til å fungere treng ein berre å supplere med litt mjølk og småting. Smart. Eg fant opp hjulet ;)

Eg kler ikkje å blogge på nynorsk.

Med ynskjer om ein roleg tysdagskveld i heimen,
Inemor

2 kommentarer:

  1. Jo, det er kjekt å lese nynorsk. Dette gav inspirasjon.:)

    SvarSlett
  2. Kjempeflinke, Inemor :)
    Eg elskar nynorsk ♥

    SvarSlett